Velkommen til Strikketeigen

Solveig Orstad Teigen si side om strikking og veving

Her er kontstrikking, mønstra dobbelstrikking, andre tekstilar i handstrikking og oppskrifter til veving. Eg håpar du finn noko du kan ha glede av å lage, anten du strikker eller sit i veven.

Litt om meg

Solveig Orstad Teigen Eg er født på Jæren i 1946, men bur nå på Dovre. Mi formelle faglege utdanning er fleire år på husflidsskule og 4 år vev og teikneutdanning på høgskulenivå. Handarbeid har eg syssla med så langt tilbake eg kan hugse. I omalg 30 år var eg rektor i den vidaregåande skulen. I alle dei åra vart det lite veving, men eg brukte strikkepinnane for fagleg vedlikehald, og for å utfordre kreativiteten. Både når eg strikkar og arbeider med veving, forsøker eg å setje teknikkane inn i nåtidas formspråk. Luva

Strikking:

Dei siste åra har eg brukt mykje tid på å utforske kontstrikking. Bruke kontstrikking til tekstilar som det ikkje har vore vanleg å strikke i den teknikken. Eg har også arbeidd med dobbelstrikking i 2 lag, med mønster. Kunnskapen min har eg lyst til å formidle vidare. Du kan laste ned sjølve teknikkane konstnadsfritt og kjøpe oppskrifter.

Veving:

Merkelapp Du kan kjøpe oppskrifter til eigen bruk. Dukkar det opp problem når du arbeidar med vevinga, anten det gjeld oppskrift du har kjøpt frå meg eller andre, kan du ta kontakt via telefon eller e-post. Eg vil forsøke å hjelpe deg. Dersom du til dømes ikkje har godt skilje, kan eg ha fleire nyttige tips, for å finne ut kvifor, og hjelpe deg med korleis du kan rette på det. Til vanleg har eg skjerf og sjal på lager, for sal. Dei produkta eg sel, er ikkje alltid heilt identiske med tilsvarande oppskrift.

Norges husflidslag er ein viktig fagleg møteplass for meg. I husflidslaget møter eg mange andre som er interessert i den handborne kunnskapen. Det er ein stad for godt sosialt fellesskap, faglege utvikling og ny kunnskap. Eg tilrår alle med litt interesse for handboren kunnskap å bli medlem. Eg kan vere kurslærar i flatvev, ymse strikketeknikkar samt band og snorer av forskjellige slag. Interessene mine femnar om mange tekstile teknikkar. Men det er strikking og veving som dominerar.
------------------------------